Hopp til hovedinnhold
Spill inn deg sjølv eller andre til styret i Vestland MDG

Spill inn deg sjølv eller andre til styret i Vestland MDG

Kven skal leie Vestland MDG? Det kan du vere med på å bestemme dersom du melder inn nye kandidatar til styret.

Vi vil ha styremedlemmer som er heilt ferske og styremedlemmer som har lang fartstid i partiet. Målet er å sette saman eit mangfaldig styre som tek omsyn til kjønn, alder, geografi, livserfaring og kompetanse.

Leiar og nestleiar i styret er viktige posisjonar sidan dei sit i landsstyret, det høgste organet mellom landsmøta og ein viktig politisk verkstad.

Valnemda ønskjer innspel på kandidatar. Du kan spele inn deg sjølv eller nokon andre som du meiner kan passe til å sitte i styret for Vestland MDG. Du kan sende inn mange forslag.

Det gjer du via dette skjemaet.

Frist for innspel er 20. november.

Etter at innspelsfristen har gått ut, vurderer vi kven vi innkallar til intervju og satsar på å ha gjennomført alle intervjua før jul.

Er det noko du lurar på, kan du ta kontakt med leiar i valnemda,

Else Kathrine Nesmoen, tlf: 91127010 eller e-post: elsekath@hotmail.com

 

Med vennleg helsing 

valnemda i Vestland MDG :

Else Kathrine Nesmoen, leiar 

Marie Kristine Kroken, medlem 

Mathias Zimmermann, medlem 

Mona Høgli, medlem

Matilda Svedberg, GU-representant 

 

Vil du lese mer om dette temaet?
Søk i hele vårt program her!