Takk for no, og velkommen til Djupgrøn Feriekoloni 10.-13. juli
Kjære grønne kolleger i MDG: de som er folkevalgte eller tillitsvalgte i heile landet.
Fredag var siste dag på Stortinget for denne perioden, og sidan eg har fått æra av å representere MDG her dei siste 7 månadane, vil eg sei tusen takk for meg, og takk for støtte og godt samarbeid med mange av dykk.
De kan sjå mitt siste innlegg i Stortingssalen her, og påfølgande debatt mot Sp her.
Og eg har oppsummert litt av mine avsluttande tankar på Facebook her.
Perioden på Stortinget har gjort den endå meir tydeleg for meg at Norge manglar visjonære politikarar i maktposisjonar. Kunnskapen er der. Folk flest vil ha handling for klima og natur. Men populistar og algoritmar får dominere debatten, og naturen byggast ned som aldri før, fordi profitt for aksjonærar settast framfor velferd for folk og framtid, og politikarar i dei gamle, grå partia vågar ikkje å ta den leiinga i omstillinga som me så sårt treng.
Difor er det så enormt viktig at me no står på å valgkampen framover, og får flest mogleg grønne og modige folk frå MDG inn på Tinget til hausten.
For å ha krefter til å stå i den lange og store kampen me står i, er det viktig å samlast, å legge gode strategiar, dele idear, støtte kvarandre, og det er viktig å puste inn rein fjelluft og få ny inspirasjon.
Difor inviterer eg og øko-bonde Margit Fausko til Djupgrøn Feriekoloni i Arne Næss og Erik Damman si ånd, denne sommaren. Alle som vil er velkomne til å leike og lære og nye naturen i historiske omgivnader på Fausko i Hemsedal, 10.-13. juli. Arrangementet er ikkje eit offisielt MDG-arrangement, alt gjerest på dugnad, og folk i alle aldre er velkomne, uavhengig av partitilhøyrighet etc.
Meir informasjon finn du i vedlagt invitasjon eller i FB-gruppa her.
Påmeldingsskjema med info om prisar etc her.
Du kan også høyre litt om feriekolonien i den siste episoden av podcasten “Verden sett fra sykkelsetet” som du finn på Spotify eller Apple podcasts, der vi også snakker om at MDG som første norske politiske parti har blitt offiell “Apartheidfri sone” (og vi fortsetter med jevnlige episoder framover, håper du vil abonnere og spre ordet!)
Håpar å sjå fleire av dykk på Fausko i sommar. Eg kjem med heile familien, og det gjer mange andre også. Men det er like fint å komme aleine! Eller ta med ein ny ven. Det blir inspirasjonsforedrag, fjelltur, yoga, workshops, musikk mm. Det er mogleg å komme med eigen campingbil eller telt, eller ein kan overnatte i vakre rom på den gamle skysstasjonen - me har framleis nokre ledige rom. Bussen stoppar like nedanfor på Tuv, så det er lett å reise kollektiv.
Eller ein kan sykle! Verda er jo aller finast sett frå sykkelsetet :)
Ikkje nøl med å ta kontakt med meg på sigrid.heiberg@mdg.no om kva det skulle vere
Med ønske om ein god, grøn sommar til alle, og ein heidundrandes valgkamp
Mvh
Sigrid Z. Heiberg
Finanspolitisk talsperson, MDG
Avtroppande stortingsrepresentant, fraksjonsleder for byutvikling for MDG i Oslo Bystyre
Søk i hele vårt program her!