Hopp til hovedinnhold
Sei NEI til cruisekai i Sogndal

Sei NEI til cruisekai i Sogndal

Alle signaturer blir levert på folkemøtet om cruisehavn i Sogndal! 

Fekk du også morgonkaffien i halsen då du las i Sogn Avis at Sogndal Utvikling planlegg cruisekai, kanskje allereie frå 2028?

Me som bur her, kjem truleg til å tene lite på cruisetrafikk. Sannsynlegvis kjem me heller til å tape reisetid til jobb og fritidsaktivitetar, eigarskap til sentrum og den nære naturen.

Det Sogndal har, er ting som er gode å ha, kvar dag, heile livet.

Her finst mellom anna gode barnehagar og skular, mengder av urørt natur nært sentrum, korte avstandar til det meste, eit rikt kulturliv, hus med buplikt, tryggheit og ro, spennande gründermiljø, høgskule og studentar. Skal me redusere ungane våre til statistar i eiga bygd?

Vil Sogndal Utvikling risikere at tilflyttinga og lysta til å bu her vert påverka?

Vil ein mastodont av eit skip i bukta, som teppelegg himmelen med røyk og bakken med folk, nært på barneskule, legesenter, bustadar og handlegate, påverke trivselen til dei heilårsbuande?

Tek det Sogndal i ei retning som ikkje er for oss?

Kva med å bruke tid på å skape ei autentisk bygd som tek vare på og utviklar dei verdiane som er her, slik at folk trivst? Slik at Sogndal igjen vert ei bygd folk vil flytte til, fordi det er her det gode livet finst?

Det finst så mange gode prosjekt å ta tak i før ein vender snuten mot noko som ser ut som ei konstruktiv kapitalløysing på papiret, men i verkelegheita ikkje gjev langsiktig gevinst til dei som faktisk er Sogndal og Sogn, nemleg oss som er fastbuande.

Vil du lese mer om dette temaet?
Søk i hele vårt program her!